mandag 5. oktober 2009

Fusk og plagiering - ei lita historie

Eg ser det er ein del som har skrive om fusk og plagiering. Noko som gjorde at eg begynte å tenke tilbake på min tid som ungdomskuleelev. Det var ei artig tid med hardt arbeid. Me var ikkje mange i klassen, men det faglege nivået var som spreidd busetnad. Nokon tok ting lett, leste nett passeleg, medan andre strevde hardt for å lære det me skulle lære.

Då tida var inne for å gjennomføre eksamen, var me alle spente. Kva skulle me eksamnerast i? Alle kom opp i engelsk skriftleg, og i munnleg vart me delt; halve klassen engelsk munnleg og halve klassen matematikk munnleg. Me gjennomførte ein "liksom" munnleg eksamen, der alle skulle få føle på kroppen korleis dette var. I tillegg fekk me tilbakemelding på korleis det gjekk med oss. Ein medelev fekk tilbakemelding om at ho måtte bearbeide teksten ho hadde lese. Grunnen til det var at ho gjenfortalte teksten nesten ordrett. Ho hadde ikkje pugga den - jenta hadde eit utruleg godt minne. Eg veit at ho hadde lese teksten ein gong, og det var ein ganske lang tekst. Det var ei skuleflink jente. Ein kunne ikke ta ho for fusk - ho hadde berre eit godt minne.

Eg trur det er viktig å arbeide med ulike læringsstilar i skulen, slik at ein kan unngå fusk og plagiering. Sjølv om eg trur ikkje alle elevar gjer det bevisst å plagiere andre. Ein treng å gje elevane utfordringar i høve til ulike teksttypar, og ulike måtar å formidle den aktuelle teksten på. Lærarane i dag må vere meir bevisste i korleis ein skal leggje best til rette for læring. Ulike tilnærmingsmetodar er viktig, og det skapar også aktive elevar.

IKT i undervisning - nyttig eller tidsfordriv?

Å nytte ikt i undervisninga kan vere både positivt og negativt. I dag er dei fleste elevar jamnt over interessert i data, og dei har gode kunnskapar om korleis ei datamaskin virkar. I nesten alle heimar finn du min. ei datamaskin. Eg vel å seie nesten alle heimar, fordi det er ikkje alle foreldre som ser seg råd til å kjøpe datamaskin - i tillegg fins det foreldre som er skeptiske til bruken av datamaskin. Dette kan ein setje i samanheng med nyheitene på tv og radio eller aviser - me får høyre om personopplysningar som er på avvege i høve til legejournalar, me får høyre om folk som har hacka seg inn på datamaskiner og fått verdifull informasjon - og ikkje minst feilsendte e-postar. Ja, kven har ikkje gjort det? Det er nesten det same som å taste eit tal feil på mobilen, og du er garantert svar!

Skal ein gå inn å overbevise foreldra som ikkje ynskjer å kjøpe seg datamaskin? Både ja og nei. Eg ser det som viktig å forklare foreldra behovet ved datamaskin, men samtidig er det viktig å ha respekt for foreldra. Det dei som bestemmer over sitt barn, og har sine tankar om oppdragelse - og kva som er nyttig for sitt barn. Men elevane skal få nytte seg av word, excel, photo shop etc, og i høve til lekser og innleveringar er det nyttig å kunne øve heime også. Samtidig kan skulen vere fleksibel og la eleven få låne pc på skulen.

Det er mange som har tankar og meiningar om akkurat dette, men kva med bruken av ikt i undervisninga? Er det nyttig eller er det berre eit tidsfordriv - slik at læraren kan "slappe"? Det er mange måtar å nytte ikt på i skulesamanheng. Elevane møter ein verden full digitale verktøy og ulike hjelpemidlar i alle slags samanhengar, og då er det vel viktig å vere rusta til å vite korleis ein kan nytte desse på best mogleg måte? Kvifor kan ikkje elevar i 1.klasse nytte data? Er dei for små? Bør dei vente til dei vert eldre? I så fall, har dei like gode forutsetningar for å verte gode pc - brukarar?

Eg har nytta ein del nettsider knytta til ulike læreverk. Ikkje alle sider er like gode, men jamnt over gode nok. Elevane tykkjer det er artig, og har gjerne nytta same nettside heime. Sjølv kunne eg ha tenkt meg meir utfordring på nettsidene; meir variasjon i oppgåver og utfordringar til kvar og ein elev. Nokre elevar tek ting lett, og treng meir utfordring - medan andre treng å trene meir. Ta f.eks www.gyldendal.no/multi/ - denne sida har eg nytta mykje i matematikkundervisninga, men kvar er utfordringane? Har elevane gjort oppgåvene ein gong, så er det ikkje mykje variasjon neste gong dei gjer same oppgåvene. Nettsida er flott, og utruleg fine fargar - den appellerer til den kreative sida av oss menneske.

www.matematikk.org/ er ei flott undervisningside, der elevar kan arbeide sjølvstendig og etter nivå. I tillegg kan eg sei at dette er ei populær side hjå elevane. Her får dei utfordringar uansett trinn, noko eg tykkjer er viktig.

Dagens elevar vil møte dei digitale verkøya uansett, og det vil verte større forventningar til kommande generasjon. Dei skal kunne meir og vite meir om digitale verktøy - noko eg trur dei kan og vil!

Test

Gløymde ein ting....å nytte meg av etiketten....

Test

No får me sjå om eg har fått til dette. Satsar på det!