mandag 5. oktober 2009

Fusk og plagiering - ei lita historie

Eg ser det er ein del som har skrive om fusk og plagiering. Noko som gjorde at eg begynte å tenke tilbake på min tid som ungdomskuleelev. Det var ei artig tid med hardt arbeid. Me var ikkje mange i klassen, men det faglege nivået var som spreidd busetnad. Nokon tok ting lett, leste nett passeleg, medan andre strevde hardt for å lære det me skulle lære.

Då tida var inne for å gjennomføre eksamen, var me alle spente. Kva skulle me eksamnerast i? Alle kom opp i engelsk skriftleg, og i munnleg vart me delt; halve klassen engelsk munnleg og halve klassen matematikk munnleg. Me gjennomførte ein "liksom" munnleg eksamen, der alle skulle få føle på kroppen korleis dette var. I tillegg fekk me tilbakemelding på korleis det gjekk med oss. Ein medelev fekk tilbakemelding om at ho måtte bearbeide teksten ho hadde lese. Grunnen til det var at ho gjenfortalte teksten nesten ordrett. Ho hadde ikkje pugga den - jenta hadde eit utruleg godt minne. Eg veit at ho hadde lese teksten ein gong, og det var ein ganske lang tekst. Det var ei skuleflink jente. Ein kunne ikke ta ho for fusk - ho hadde berre eit godt minne.

Eg trur det er viktig å arbeide med ulike læringsstilar i skulen, slik at ein kan unngå fusk og plagiering. Sjølv om eg trur ikkje alle elevar gjer det bevisst å plagiere andre. Ein treng å gje elevane utfordringar i høve til ulike teksttypar, og ulike måtar å formidle den aktuelle teksten på. Lærarane i dag må vere meir bevisste i korleis ein skal leggje best til rette for læring. Ulike tilnærmingsmetodar er viktig, og det skapar også aktive elevar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar